Å LEVE I EIN PROFETISK KULTUR
tirsdag 27. januar 2009 15:04
Som de sikkert veit studerer eg ved ein skule med det treffande namnet School of Supernatural Ministry. Me er ein gjeng samla for å verte trent i det ”overnaturlege.” Eg har måtte ta meg i å tenke at skulekvardagen minnar litt om den me ser hjå Harry Potter. På skulen øver me på å ta ”kraftas evangelie” ut i verda. Me risikerer å bli bedt om å synge profetiske songar på sparket framfor heile klassen (750 stk), få kunnskapsord om barnerommet til personen attmed deg i klasserommet, profetere over kvarandre med bind for auga etc. Andre ting me gjer er såkalla ”tresaure hunts.” Dette går ut på å be Gud om kunnskapsord for folk som er klare til å ta imot Jesus, for så å finne desse personane ute på ”gata.” Me lærar at om me ikkje høyrer spesielt frå Gud er det berre til å dikte noko opp, me har trass alt Kristi sinnelag. Og tru meg, me har ”dikta” opp dei raraste personane på dei mest utenkelege plassane, og dei har vist seg å være verkelege, og klare til å ta i mot Jesus. Eksempel: Dame, rødt hår, lilla kjole, grøn handvæske, leier puddel, har nakkeskade frå trafikkulykke for 10 år sidan, kronisk smerteproblematikk, er på Starbucks Coffee. Sure enough, dama eksisterer, blir frelst og helbreda. Helbredingar er generelt er heit daglegdags, og eg tek meg i å verte svært overraska om nokon ikkje vert helbreda når me legg hender på dei og ”ber” for dei. For å summere opp: det er tydeligvis berre til å gjere noko så kjem den Heilage Andes kraft og ordnar resten.

Søk på velvet.no
Kalender Velvet
-
03.09.2010 - 03.09.2010 | 20.00
Jesusfesten 2010 -
10.09.2010 - 10.09.2010 | 19.30
Velvet fredag -
17.09.2010 - 17.09.2010 | 19.30
Velvet fredag -
24.09.2010 - 24.09.2010 | 19.30
Velvet fredag
